Neste opphald er frå den 6. – 27.september, og vi håper at de kan formidle tilbodet ut til dei det kan vere aktuelt for.
Eit opphald hos oss varar i tre veker, der deltakarane får møte andre i liknande situasjon. Gjennom aktivitetar som friluftsliv, klatring, kano/kajakk, pil- og boge, bordtennis, symjing og gymsal får ein oppleve meistring og glede. Tverrfagleg team vil tilpasse opphaldet etter den enkeltes behov.
Under opphaldet er det eit eige opplegg for foreldra med undervisning og samtalegrupper. Ein vil og få individuell rettleiing knytt til aktuelle problemstillingar.
Mer informasjon og informasjon søknadsprosess her: https://www.rkhr.no/gruppe-for-barn-og-unge-i-september/
Frist 20.juli 2023