Tradisjonen tru så er det duka for julelunsj på Scandic Hell første adventshelg.
Vi har gleda av å ønskje velkommen til ein nydelig julebuffet med både varme og kalde rettar, trivelig selskap, nissebesøk og julelotteri.
Kvar familie tek med ein (eller fleire) gåver til julelotteriet.
Julelunsjen har blitt veldig stor, og vi ser oss difor nødt til å ha prioritering etter vanlege rutiner. Det er i utgangspunktet mulig å melde på inntil seks personar frå ein familie.
Eigenandelar blir som i fjor:
Alle barn under 18 er gratis (gjeld alle kategorier).
Foreldre/føresette 250 per person.
Besteforeldre 300 per person.
Bekreftelse på plass og informasjon om betaling på Vipps kjem på e-post veka før arrangementet.