Kinodagen er for dei som er mellom 15 og 20 år. Vi tenkte at vi kunne gå å ete på Macc’ern og så gå til kinoen på Moa etterpå.

Kinoprogrammet er enno ikkje offentleggjort frå kinoen si side, men vi kunne tenkt oss å sjå den siste Avatar-filmen. 

Eit tenkt klokkeslett kan bli slik: 

-Burger på Mac’ern kl. 15:00

-Kino på Moa Odeon kl. 17:15 (Meir informasjon kjem!)

For dei foreldra som har lang reiseveg og vil køyre, må de gjerne bli med på Mac’ern, men vi tenker at vi ungdommane blir sittande på eigne bord. 

Det er fint om de kan gje oss eit hint om de vil vere med på kino denne laurdagen. Vi treng påmelding for at kunne ordne med billettar på førehand.

Helsing Lene Amalie og Hanna!

PS! Likepersonskoordinator Terje blir med å hjelper til denne gongen.

Del artikkelen på Facebook, Twitter